Fagdag: Barn og unge med funksjonshindringar

Fagdag_funksjonshindring.pngOnsdag 7. mars var det fagdag i Ivar Aasen-tunet. Leiarar og fagansvarlege frå både kommune og NAV, som arbeidar med barn og unge med funksjonshindringar og samansette behov, vart inviterte til fagleg påfyll og erfaringsutveksling. 

  • Tema: Ansvarstilhøva og samarbeidet rundt barn og unge med funksjonshindringar og/eller samansette hjelpebehov.
  • Målet: Å medverke til god forståing, bli betre kjende med kvarandre og korleis ulike instansar kan samarbeide til det beste for brukarane.
  • Målgruppe: Leiarar, fagansvarlege og andre tilsette i NAV og kommune som arbeider med barn og unge med funksjonshindringar og samansette behov.
     

Styrke samarbeid og samhandling

Rådmann Wenche Solheim fekk æra av å opne fagdagen. Arrangørar var den interkommunale barneverntenesta, i samarbeid med NAV Hareid/Ulstein og tildeling- og kordinerande eining frå Ørsta kommune.

- Vi fekk fylkesmannen og forfattar Olaug Nilssen til å kome og halde innlegg for oss, i tillegg vert det innlegg frå interne representantar + gruppearbeid. Målsettinga er at denne fagdagen skal vere med på å styrke samarbeidet og samhandlinga mellom oss i kommunane og NAV som møter desse borna og deira familiar.

Olaug Nilssen er forfattar,  dramatikar  og skribent og vart Brageprisvinnaren 2017. ”Tung tids tale” heiter  den siste boka hennar, som er ei sterk historie om korleis det er å vere foreldre til eit  autistisk barn. Denne historia vil ho dele med oss.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal deltok på fagdagen og orienterte om gjeldande lovverk.

 

Program:

09.15-kl 10.15             Olaug Nilssen ”Tung tids tale”

10.15-kl 10.30             Pause

10.30-kl 12.00             Fylkesmannen i Møre og Romsdal

12.00-kl 12.45             Lunsj

12.45-kl 13.30             Innlegg frå NAV og kommune

13.30-kl 14.30            Gruppearbeid

14.30-kl 15.00            Oppsummering og avslutning

Følg oss