Signering av avtale - skredsikring Vallabøen

B.fv: Rådmann Wenche Solheim, Einingsleiar kommunalteknikk Ulf Kristian Rognstad, Styreformann Kjell Arne Aurstad i  K. A Aurstad AS og ordførar Stein Aam.Lokal entreprenør K.A Aurstad AS og Ørsta kommune signerte i dag, 15. desember 2017, avtalen om skredsikring på Vallabøen. Anbodet vart lyst ut i oktober og vinnaren K.A Aurstad AS vil starte bygginga omgåande. Total kostnad for heile prosjektet er berekna til ca. 26 millionar kroner, og skal stå ferdig hausten 2018.

Etter søknad frå Ørsta kommune gav Norges vassdrags- og energidirektorat i juli 2017, 80% tilskot til tiltaket.

 

Vallabøen_faresonekart.jpgNy rapport 2011

I 2011 fekk Ørsta kommune utarbeida ein ny rapport for å vurdere gamle sikringstiltak opp imot dagens krav til sikkerheit i teknisk forskrift (TEK10). Sist gong kommunen hadde vurdert sikringstiltaka var i 1984, og konklusjonen var at denne gamle rapporten ikkje oppfylte dagens krav til sikkerheit for delar av Vikemarka skule og bustadane på Vallabøen.

Nesten årleg vert det utløyst skred i frå Vallahornet, øvst i fjellsida. Det er sjeldan at skred kjem heilt ned til skoggrensa, og berre tre skredhengingar er registrert frå Vallahornet og ned til noverande bustadområde. Sørpeskred langs Vikelva har ved eit høve nådd heilt ned til Ørsta kyrkje og opplysningane vart registrert ved kartlegging av snøskred i 1971.

Biletet viser faresoner for skred frå kartlegginga i 2011. Stipla linjer viser skred med større nominell sannsyn enn 333 års skred (raud linje), 1000 års skred (oransje linje) og 5000 års skred (gul linje).

 

Val av sikringstiltak

Skredsikring Vallabøen, tiltaksområdeI september 2015 handsamma Ørsta kommune val av sikringstiltak. Nivå for sikkerhet opp mot samfunnskostnaden vart vurdert og dimensjonerande sikringstiltak landa på sikringstiltak for 333 års skred. Dette er eit nedskalert sikringstiltak, men det vil likevel redusere fare for personskade og skade på eigedom i vesentleg grad. Staten yter heller ikkje tilskot til sikring utover nedskalert tiltak.


Av sikringstiltak vart det bestemt at det mest samfunnsøkonomiske var å bygge ein sikringsvoll heilt nede ved Storebakken. Kommunen gjekk i gong med å detaljprosjektere tiltaket. I november 2016 vart alle grunneigarar og bebuarar på Vallabøen invitert for første gong til møte for å diskutere gjennomføring av tiltaket. Denne prosessen held fram.

Følg oss