Friskliv Ørsta

Friskliv_logo_heimeside.jpg - Klikk for stort bilete Gjennom Ørsta si satsing på barn og unge, er det no starta opp Frisklivssentral i kommuna vår. Friskliv Ørsta har fokus på helsefremjande og førebyggande tiltak retta mot alle barn og unge i Ørsta. Gjennom desse primær-førebyggande tiltaka ut til barnehagar og skular ynsker Friskliv Ørsta å nå ut til barn og unge og spreie positiv informasjon om friskliv, helse og gode levevanar. I tillegg til primær-førebygging tilbyr Friskliv Ørsta individuell oppfølging til barn og unge, og eventuelt heile familien, med støtte til å endre vanar knytt til helse, fysisk aktivitet og/eller kosthald. 

Frisklivsrettleiaren er Karen Øie, som i tillegg arbeidar med kvardagsrehabiliteringstemet i Ørsta kommune. Ho har fleire års bakrunn frå privatpraktiserande fysioterapi, og er engasjert i fysisk aktivitet og det å ta vare på helsa si.

wordcloud_lita ramme.png - Klikk for stort bilete

Tenesta vert driven i nært samarbeid med både helsestasjonen, fysioterapi- og ergoterapitenesta i Ørsta, samt folkehelsekoordinator. Frisklivssentralen er organisert i Eining for Ergo, fysio og Friskliv, med lokale i Vikegata 9. 

Frislivssentralen er eit lavterskelstilbod som ynsker å nå ut til barn og unge med informasjon og tiltak for å styrke helsa og førebygge helseplager. Dei aller fleste kjenner godt til kva som skal til for å ha ei god helse, kva som er bra mat og at aktivitet er bra. Det Friskliv Ørsta ønsker å oppnå i det primærførebyggande arbeidet er å minne dei unge på fysisk aktivitet, kosthald og helse i kvardagen, konkretisere det, og komme med inspirasjon og auka fokus på helsefremjande levevanar. 

 

Ønskjer du å følgje med på oppdateringar knytt til Friskliv Ørsta, kan du like facebooksida deira. 
Mailadresse: friskliv@orsta.kommune.no

Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Karen A. Øie Fysioterapeut / Frisklivsrettleiar
90118760
@ Karen A. Øie
Ragnhild Svensli Einingsleiar for ergo, fysio og friskliv
48997922
@ Ragnhild Svensli

Nyhende