Permisjon

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker(10 skuledagar) jmf. Opplæringslova § 2-11.

Søknad om permisjon for ein eller to skuledagar kan sendast direkte til kontaktlærar.

Søknad om permisjon for meir enn to skuledagar skal sendast til rektor. Søknadsskjema for dette finn du lengre nede på nettsida.

Det er rektor ved skulen som eleven er elev ved som behandlar søknaden. Skulen kan velje å ikkje godkjenne søknaden sjølv om det er forsvarleg å gje eleven fri.

For periodar utover to veker må føresette søkje om fritak frå opplæringsplikta eller ta barnet ut av skulen for foreldrebasert heimeundervising.

Søk i god tid, helst tre veker før. Skulen må rekke å behandle søknaden din før den planlagde permisjonen.

Dersom du har fleire barn må du sende inn ein søknad for kvart barn.

Når kan ein få innvilga permisjon?

Elevar som har krav på permisjon:

  • Medlem av trussamfunn utanom Den norske kyrkje har rett til permisjon for sitt trussamfunns helgedagar.       

 

Vi kan godkjenne permisjonar for:

  • Spesielle arrangement og markeringar (t.d politisk, organisasjon og  familiære tilstellingar)
  • Idrett og kulturelle konkurransar/stemne på høgt nivå.
Krav til søkjar

Skulen gir ikkje permisjon i periodar då ein førebur eller gjennomfører:

  • Statlege kartleggingsprøver
  • Nasjonale prøver
  • Eksamen, munnleg og skriftleg
  • Det er ikkje vanleg å gi permisjon til ferie, treningssamlinger eller liknande, eller når eleven har mykje udokumentert fråvær.
  • Siste halvdel av 10. trinn er ekstra viktig, då eleven skal ha sluttvurerding i denne terminen. Det betyr at det normalt ikkje er forsvarleg å gi permisjon over fleire dagar i dette halvåret.

Dersom eleven har rettar til spesialundervisning etter opplæringslova §5-1 eller rettar til særskild språkopplæring etter §2-8 fell timar til dette bort i permisjonstida og vil ikkje kunne takast att seinare.

Slik søkjer du
  • Søknad om elevpermisjon sendast inn via foreldreportalen Vigilo, dette krev innlogging via ID-porten. Rett søknadskjema finn du under "Søknader".
  • Dersom du har fleire barn må du sende inn ein søknad for kvart barn. 
  • Søknaden blir behandla av skulen eleven går på. Behandlingstida kan vere inntil tre veker. 

Søk om elevpermisjon

Søknadsfrist

Søk om permisjon i god tid, helst tre veker før. Skulen må rekke å behandle søknaden din før den planlagde permisjonen.

Klage

Vil du klage på vedtaket om permisjon må du klage innan tre veker etter at du har motteke svaret på søknaden. Klagen skal sendast til skulen som har behandla søknaden.

Permisjon søkjer du om på foreldreportalen Vigilo.

Logg inn her:
Søk om elevpermisjon