Vakre turar i kommunen vår

Utsikta frå Hesthornet - mot Vatne, Hovdenakk, Bjørdalen og Bondalen. Ingvild Marie Taraldset

Besøk gjerne nettsida morotur.no for å få tips om vakre turar i heile fylket vårt. Der kan du også legge inn turar du meinar bør vere med i oversikta.

Morotur.no er ei nettside som Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med kommunane og frivillige turentusiastar står bak. Nettsida presenterer eit variert utval av fot-, ski-, sykkel- og padleturar. Målet med Morotur er å gjere flotte naturopplevingar lettare tilgjengeleg for innbyggjarane, besøkjande og turistar.

Veit du om fleire turar, gjerne nærturar, i kommunen vår som ikkje er registrert på morotur.no?
Turane på morotur.no er registrert inn av frivillige turfolk. Du er velkomen til å legge inn turar som du meiner bør vere med i oversikta. For å registrere ein ny tur opprett ein brukar i systemet. Meir informasjon og rettleiing om dette nede på denne sida: https://morotur.no/om-morotur

Morotur leverer også turskildringar til Stikk UT!

Besøk gjerne nettsida morotur.no for å få tips om vakre turar i heile fylket vårt:

Morotur.no


Kontaktpersonar
Morotur i Ørsta kommune: Ingvild Endal, e-post ingvild.endal@orsta.kommune.no
Morotur i Møre og Romsdal fylkeskommune: Petter Jenset, e-post petter.jenset@mrfylke.no

Følg oss