Kantvegetasjon

Unsplash


Kantvegetasjon er viktig for livet både i og langs vassdrag. Kantvegetasjonen har også ein viktig funksjon i å reinse og halde attende næringsstoff slik at ein unngår eutrofiering av vassdraga. Ei inntakt kantsone sikrar også rett til fri ferdsel og er viktig for å armere mot erosjonsskader ved flaum. I einsarta jordbrukslandskap er kantsonene viktige korridorar og ofte svært artsrike. Av dei opphavlege flaummarkskogane er det no berre eit fåtal område att.

Vassressurslova slår i § 11 fast at det skal vere kantvegetasjon langs vassdrag. Men det er kommunen gjennom arealplanar som vedtek kor brei denne sona skal vere ut frå forholda lokalt og kva verdiar ein skal sikre. NVE sin nye vegleiar om kantvegetasjon omtalar tilhøve mellom ulike lover og forvaltningsorgan. Les den her: Kantvegetasjon langs vassdrag

Orientering frå Statsforvaltaren:

Breidda til kantvegetasjon

Kantvegetasjonsbeltet må vere breitt nok til at det hindrar avrenning, og dannar leveområde for planter og dyr m.m. Til dømes vil flaummarkskog med ei bredde på ti meter ta opp meir enn 3/4 av avrenninga frå terrenget, og kan redusere forureining til vassdrag. Bredda på kantsona vil variere ut i frå jordsmonn, storleiken til vassdraget og elvebreddas utforming, men den økologiske funksjonen til vegetasjonen må oppretthaldast.

Kantvegetasjon fungerer som erosjonssikring

Røter av buskar og tre bind jorda samen og hindrar at jorda forsvinn ut i vassdraget. Eit breitt belte av kantvegetasjon kan redusere skader ved flaum, mellom anna ved at mindre vatn når inn på dyrka mark eller inn til busetjing. I større elvar kan eit breitt belte med vegetasjon kanalisere isgangen og hindre skadar på landbruksjord, hus, veg og jernbane.

Kven er ansvarleg for kva?
  • Grunneigar er ansvarleg for å oppretthalde kantvegetasjonen.
  • Kommunen skal ivareta kantvegetasjonen i planlegginga etter plan- og bygningslova, fastsette breidda på kantvegetasjonen om nokon krev det etter vassressurslova, og ivareta kantvegetasjon i handsaming av saker etter nydyrkingsforskrifta.
  • Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle gje løyve til å fråvike kravet om å oppretthalde kantvegetasjon. Som regel er det då snakk om løyve til mellombels fjerning, med vilkår om reetablering av kantvegetasjonen etterpå.
  • NVE følgjer opp brot på vassressurslova § 11 om kantvegetasjon. Og har verkemiddel
Skjøtsel

I nokre tilfelle kan det vere behov for å utføre skjøtsel i kantsona, som ved store rotvelta tre i elvekant.

Skjøtsel er lov utan løyve frå Statsforvaltaren. Ved skjøtsel kan ein ta ut enkelte tre, men den økologiske funksjonen til kantvegetasjon skal ikkje øydeleggast. Ein bør ikkje kunne sjå at det har vore utført hogst.

Løyve til fjerning av kantvegetasjon

I eit løyve til fjerning av kantvegetasjon setjast det vilkår om reetablering, og korleis reetablering kan gjennomførast. Det kan til dømes leggast til rette for naturleg revegetering ved å ta vare på det øvre jordlaget med den naturlege frøbanken og tilbakeføre dette. Skal det plantast er det viktig at det berre vert nytta lokalt førekommande artar av lauvtre og buskar. Dersom det kan vere aktuelt å nytte transporterte massar må desse vere reine for å hindre spreiing av framande artar.

Lover og forskrifter som regulerer kantvegetasjon

Vassforskrifta
Målet med vassforskrifta er at alle vassførekomstar skal ha god økologisk og kjemisk tilstand. Har ikkje vassførekomsten god tilstand skal det utførast tiltak for oppnå betre tilstand. Vatn er ein ressurs som skal vere tilgjengeleg for alle. Ingen har rett til å påverke vatnet i så stor grad at det ikkje kan brukast av mange og til ulike føremål. Å ta vare på kantvegetasjonen langs bekkene og elvane, er eit enkelt tiltak for å verne vassførekomstane våre.

Vassressurslova
Vassressurslova §11 seier at det skal oppretthaldast eit vegetasjonsbelte langs alle vassdrag med årssikker vassføring. Ved hogst langs vassdrag kan det takast ut enkelttre, men ikkje av eit slikt omfang at det øydelegg den økologiske funksjonen til kantvegetasjonen. Statsforvaltaren har ansvar for å følgje opp § 11 i vassressurslova, og kan i særlege tilfelle gje dispensasjon frå føresegna med vilkår.

Forskrift om nydyrking
Forskrift om nydyrking § 6 seier at det skal setjast att 6 meter vegetasjonssone mot vassdrag med årssikker vassføring. Langs vassdrag utan årssikker vassføring er kravet 2 meter vegetasjonssone.

Forskrift om berekraftig skogbruk
I § 3 i forskrift om berekraftig skogbruk står det at skogbrukarar skal syte for at det takast særlege omsyn til naturmangfald, friluftsliv, landskap og kulturverdiar når dei gjennomfører skogbrukstiltak. I skogbruket vil PEFC-standarden gje god rettleiing om bredda på kantsona som skal stå att, men standarden fritar ikkje for kravet om dispensasjon frå vassressurslova.

Naturmangfaldlova
Naturmangfaldlova stadfestar at naturen skal takast vare på og har eigenverdi, men den er òg verdifull for oss. Føremålet med lova er at vi skal ta vare på mangfaldet av geologi, landskap, naturtypar og artar (§§ 4 og 5). Naturmangfaldlova gjeld for oss alle og for alle offentlege avgjerder som kan påverke naturen (§§ 6 og 7-12).

Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
Jordbrukarar får ikkje produksjonstilskot dersom det ikkje er minst to meter vegetasjon mot vassdrag med årssikker vassføring (jf. § 4 i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot). Denne vegetasjonssona kan ikkje jordarbeidast, og skal vere så brei at den motverkar avrenning til ope vatn når vassføringa er normal. I denne sona kan det vere tilstrekkeleg med gamal eng i drift. Kommunen avgjer om det skal tildelast produksjonstilskot. Merk at vegetasjonssone ikkje er det same som kantvegetasjon jf. § 11 i vassressurslova

Søknadskjema

Søknad om dispensasjon for å fjerne kantvegetasjon langs vassdrag:

Søknadsskjema (PDF, 701 kB)