Husdyrgjødsel

Gjødsling - Klikk for stort bileteFoto: Myriam Zilles / Pixabay 

 

Spreiing og bruk av husdyrgjødsel vert regulert av Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav og lokale forskrifter med lokale fristar for haustspreiing.


Sentral forskrift – viktige datoar:

  • 1.november til 15. februar – Denne tida er det totalforbod mot spreiing av husdyrgjødsel.
  • 15. februar - Dersom det ikkje er snødekt jord eller tele kan ein ta til med gjødselspreiing etter 15. februar, men ein oppmodar sterkt om å vente til det har vorte sopass varme i jorda at plantane er i vekst, slik at opptaket av næring er i gang. 
  • Vår/sommar fram til 1. september – Den beste utnyttinga av næringa i husdyrgjødsla får ein vår og sommar. I den sentrale forskrifta er fristen 1. september om ein spreier på eng, og ved nedmolding er fristen 30. oktober om det ikkje er snø eller tele. Ein skal alltid ta omsyn til vêrtilhøva slik at gjødsla ikkje vert vaska ut i vassdrag eller fordampar som NH4. Husdyrgjødsel spreidd på open åker skal moldast ned innan 18 timer etter spreiing.


Kommunale fristar:

Søknadsskjema

 

Ver merksam på at ein gjennom tilskotsordninga Regionalt miljøprogram premierer tidleg spreiing av husdyrgjødsel, bruk av slangespreiar og nedfelling/nedlegging av gjødsla. For å få tilskot til tidleg spreiing må all gjødsel ut før 10. august.

Ved nybygg, utviding og utbetring av gjødsellager skal kommunen godkjenne planen før arbeidet vert utført . Lagringskapasiteten for husdyrgjødsel skal vere minimum 8 månadar.


 

Kontakt

Børild Skåra rådgjevar
90699240
@ Børild Skåra