Innkjøp

På denne sida finn du informasjon om offentlege innkjøp, og reglar som Ørsta kommune må overhalde ved kjøp av varer, tenester, bygg- og anleggskontrakter, osb.

Vi oppmodar alle leverandørar som kan gje tilbod i konkurransar om å gjere dette, både til Ørsta kommune og andre kommunar. Legg inn eit fast søk på Doffin.no, og abonner på dette – så går du ikkje glipp av moglegheitene som ligg der.

Ørsta kommune skal gjere sine innkjøp i samsvar med Lov om offentleg anskaffingar (LOA) og Forskrift om offentlege anskaffingar (FOA). Føremålet med regelverket om offentlege anskaffingar er mellom anna å sikre konkurranse, og sørgje for at det offentlege handsamar leverandørar likt.

Lov om offentlege anskaffingar

Forskrift om offentlege anskaffingar

Vurderinga av verdien avtalen vil ha, avgjer korleis konkurransen skal gjennomførast. Tabellen syner ei oversikt over forskrifta, og når dei ulike delane av denne vil gjelde:

Anskaffingsforskrifta
Del I Del II Del III Del VI
Varer og tenester: 100.000-1,3MNOK Varer og tenester: 1,3-2,2 MNOK Varer og tenester: Over 2,2 MNOK Helse- og sosialtenester: Over 7,8 MNOK
Bygg- og anlegg: 100.000-1,3 MNOK Bygg- og anlegg: 1,3-56 MNOK Bygg- og anlegg: Over 56 MNOK
Helse- og sosialtenester: Opp til 7,2 MNOK Særlege tenester: Frå 1,3 MNOK
Ingen kunngjeringsplikt Kunngjeringsplikt: DOFFIN Kunngjeringsplikt: DOFFIN og TED Kunngjeringsplikt: DOFFIN og TED
Dokumentasjonsplikt Anskaffingsprotokoll Anskaffingsprotokoll Anskaffingsprotokoll
Skatteattest ved avtale med verdi over 500.000 kroner Skatteattest + kan krevje eigenerklæring, jf. FOA § 8-10 Europeisk eigenerklæringsskjema (ESPD) Skatteattest + kan krevje eigenerklæring

I tillegg har forskrifta ein del V som gjeld plan- og designkonkurransar.

 

For innkjøp med verdi under 100.000 kroner gjeld ikkje regelverket.

Ørsta kommune oppmodar om å lese tilbodsførespurnad eller konkurransegrunnlag nøye, og svare i samsvar med dette. Kommunen har ikkje høve til å vurdere tilbod som ikkje overheld fristar, eller som ikkje svarar på tilbodsførespurnaden eller konkurransegrunnlaget.

Du kan nytte digitalt skjema for levering av tilbod: 

Tilbodsskjema