Kulturskule


Ørsta kulturskule held til i Kaihuset. Skulen har mange flott tilbod til store og små. Mellom anna:

  • eit stort utval instrument 
  • song og kor
  • drama/teater
  • visuell kubnst
  • kulturkarusell
  • babyson

Undervisning vert gjeve med individuell instruksjon eller som gruppeundervisning.
Kulturskulen er ein del av grunnmuren for kulturlivet i kommunen, og den deltek i fleire samarbeidsprosjekt med t.d. skular, kor og korps. For dei minste er det tilbod om babysong. 

Brosjyre Søknadskjema

Kulturskulen på facebook

 

Kontaktinformasjon

Telefon: 95 22 04 59
E-post: kulturskulen@orsta.kommune.no
Tenesteleiar: Hans Robert Bondhus
E-post: hans.robert.bondhus@orsta.kommune.no

Adresse: Ørsta kulturskule, Strandgt. 1, 6150 Ørsta

Utvida informasjon om søknadsprosess, opptak og tilbod

INSTRUMENTALUNDERVISNING OG SONG
Individuell instruksjon: 15-30 min., etter alder og behov.
Gruppeundervisning: 2-6 elevar pr. gruppe i 30-45 min.

TEATER/DRAMA
Gruppetilbod: 10-12 elevar i 60 min. Anna fordeling om dette vert vurdert som formålstenleg.

VISUELL KUNST
Tilbodet vil vere for grupper på opptil 8 elevar i 60-70 minutt. Undervisningsstad er Velle skule
Hovudvekt på teikning og måling, med innslag av andre teknikkar.

BABYSONG
Tilbod for dei aller yngste (0-1 år). Kurs på 10 veker pr. semester. Pris: kr. 800,-
(Ta kontakt om det er behov for tilbod til eldre born.) 

KORTE KURS
Korte kurs kan verte starta opp ved interesse/tilstrekkjeleg påmelding.
Aktuelle kurs som er mogleg å velge i søknadsskjema er:
- gitarkurs for vaksne
- oppfriskingskurs for blåsarar
- digital musikkproduksjon

KULTURKARUSELL
Song- og musikkleik, med innslag av andre uttrykksformer. Tilbodet vil vere for grupper på 6-10 elevar i 45-60 min., for born i alderen 3-6 år. (30 gongar pr år, kr. 2880,-) 

SAMSPEL OG ORKESTER
Vi har fleire samspelsopplegg i løpet av året, både større og mindre, som elevane får tilbod om å delta i. 
Stryk- og blåselevar kan frå ungdomsskulealder få tilbod om å spele i Sunnmøre ungdomssymfoniorkester (SUS). 
Blåselevar får tilbod om å spele i korps. 

SKULEÅRET
Undervisning ein gong pr. veke i 36 veker. I tillegg vert to veker nytta til konsertar. I perioder fram mot konsertane kan det verte endringar i timeplan i samband med ulike samspelskonstellasjonar. Får eleven undervisning mindre enn 33 gongar, vert elevavgifta redusert.

ELEVAVGIFT OG MODERASJON
Sjå www.orsta.kommune.no/prisar-avgifter-og-gebyr/kulturskule-pris/

INSTRUMENT
Instrumentalelevane må sjølve syte for å eige/leige instrument. Kulturskulen har nokre blåse- og strykeinstrument til utleige. Instrumentleiga er kr. 500 pr. år. Korpsa leiger ut instrument til sine medlemmer.

UNDERVISNINGSSTAD
Kulturskulen har lokale på Kaihuset i Ørsta sentrum, og undervisning går hovudsakleg føre seg der.
Det må vere eit visst elevgrunnlag for at undervisning skal kome i gang, dersom læraren må reise til undervisningsstaden (Vartdal og Sæbø).
Til undervisning i visuell kunst disponerer vi lokale på Velle skule. 

SKULEÅRET
Kulturskulen følgjer skuleruta til grunnskulen, om ikkje anna er avtalt mellom lærar og elev.

SPEEDADMIN
Ørsta kulturskule nyttar systemet SpeedAdmin til registrering av elevar, timeplanar kommunikasjon med elevar og føresette osb. 
Elevar og føresette får brukarkonto i SpeedAdmin, der ein kan logge inn og mellom anna sjå timeplanen, frammøtehistorikk, kontaktinfo til lærar og meir.
Det er også her ein gjer påmelding, og reregistrering for neste skuleår om våren. 
NB! Hjå nokre havnar e-post som er sendt ut frå SpeedAdmin i søppelpost.

MELDING OM FRÅVER
​Gje beskjed, helst melding direkte til læraren din, om du ikkje kan møte til time. Du finn kontaktinfo i SpeedAdmin.

 

Øving

"Øving gjer meister" heiter det, og vi oppfordrar alle vore elevar til å øve på instrumentet sitt heime. 
Går ein til speling ein gong i veka, men ikkje røyrer instrumentet sitt i mellomtida, så vert framgangen sakte, og motivasjonen kan vere vanskeleg å halde oppe. 
Snakk med læraren din om øvevanar og planar slik at du finn ei rutine som passar deg! 


Kontakt med heimen

Engasjement frå dei føresette spelar ei stor rolle i eleven si læring. Dei føresette vert inviterte til ein samtale på starten av året. Då får dei tilbod om å vere med speletimen og der lærar og føresette kan få prate litt om øvevanar, framgang og elles få sjå kva vi styrer med. Foreldra er sjølvsagt inviterte til å ta kontakt når som helst. God kommunikasjon mellom lærar og heimen er berre bra. Til sommaren får elevane ei skriftleg oppsummering av året.

Det er difor viktig at vi har dei rette kontaktopplysningane. Gi melding dersom de skiftar telefonnummer, e-post eller adresse. (Desse opplysningane må også stadfestast ved reregistrering kvart år.)

Kontakt

Hans Robert Bondhus rektor/tenesteleiar
95220459
@ Hans Robert Bondhus