"Kva skjer"-informasjonskriv til innbyggjarar i alderen 65+

Her kan du lese informasjons- og aktivitetsskrivet som kommunen leverar ut i samarbeid med posten og KS.

Veke 11 Veke 12 Veke 13 Veke 15 Veke 16
Ingen brev i veke 14 pga påskeferie i utleveringsveka.

Framlegg – Har du framlegg til innhald av aktivitetar og anna informasjon som bør stå i brevet? Send e-post til postmottak@orsta.kommune.no (Innhaldet må vere klart 3 veker før utlevering).

Meir informasjon om pilot/prøve-prosjektet

Eit utval innbyggjarar over 70 år vil frå veke 10 i 2024 ta i mot tilbod om å få levert posten på døra frå postbodet. I tillegg har postbodet med relevant informasjon om aktivitetar i kommunen og anna informasjon.

Ørsta kommune skal frå veke 10 til 25 og veke 33 til 44 teste ut ein ny måte å kommunisere med innbyggjarar i den eldre delen av befolkninga på.

Posten, kommunen og KS 
Kommunane ved KS, kommunenes organisasjon, samarbeida med Posten for å undersøke behovet for å tilby tenester til ei aldrande befolkning som klarar seg godt heime, men som kommunen gjerne vil halde kontakten med. Målet er ikkje å overta kommunens helse- og omsorgsoppgåver, men vere eit supplement og kanskje bidra til ein god tilvære heime lenger. Tanken er i første omgang å bruke Posten sitt allereie godt etablerte distribusjonsnett og tillit i Noreg til informasjonsoverlevering på dørterskelen til eldre innbyggjarar ein gong i veka.

Brev, pakkar og informasjon 
I tillegg til personleg overlevering av brev og småpakkar, får innbyggjarane eit informasjonsskriv frå kommunen om aktuelle tema og oversikt over aktivitetar som er særleg eigna for eldre. Erfaringane frå tidlegare utprøvingar viser at eit fysisk informasjonsskriv vert lese og at mange nyttar seg av dei lokale aktivitetane det blir informert om. Postbodet kan også ta med pakkar og brev som skal sendast. Ei større gruppe over 65 år får det kommunale informasjonsskrivet levert i postkassen ein gong i veka

Ha det bra heime 
Målet med servicetilbodet er å bidra til at fleire eldre innbyggjarar kan bu lenger heime, rekruttere til frivillig arbeid, redusere einsemd og digitalt utanforskap, samt auke lokalt engasjement og tilhøyrsle. Tilbakemelding frå mottakarane er viktig, fordi tilbodet skal utviklast med nytt innhald etter kvart. Målet er å skape ein litt enklare kvardag no og i framtida. Testen er ein del av eit utviklingsprosjekt mellom Posten og KS, kommunesektorens organisasjon. Vi prøver ut dette i utvalde kommunar i heile landet der vi ser på korleis Posten og kommunen i fellesskap kan bidra til å styrke dialogen med innbyggjarane, førebygge framtidige omsorgsbehov og mobilisere eldre som ein ressurs for samfunnet.

Kontakt

Ingvild Marie Taraldset Informasjon- og servicekonsulent
47901989
@ Ingvild Marie Taraldset