Innsynsrett postlister

Gå til postliste


Henvising til: Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).

Du kan be om innsyn i dokument og få kopi av dokument, på e-post eller ordinær post. For at Servicekontoret skal handsame innsynet, må du opplyse kva sak det gjeld med saksnummer, sakstittel, dokumenttittel, journaldato, avsendar/mottakar, opplysningar som du finn på postlista.

 

Innsyn i heile saker

Du har og rett til å be om innsyn i alle dokument i ei sak. Ver merksam på at ei sak kan innehalde mange dokument,  gå gjennom saka og be om innsyn i dei dokumenta du har nytte av.

 

Unnateke offentleg innsyn

Enkelte dokument vil vere underlagt teieplikt i lov eller i medhald av lov. Det kan til dømes dreie seg om interne dokument eller dokument som inneheld opplysningar som er undergjeve lovbestemt teieplikt.

Dokument som er underlagt teieplikt vert i postjournalen merka med Hjemmel med påfylgjande lovparagraf.  Avs/mot merka med *****

Dersom du ynskjer å få innsyn i eit dokument, som er unnateke, sender du e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller brev til servicekontoret.  Gi opp saksnummer, tittel , journaldato, avs/mot.  Søknaden vert individuelt handsama og frist for skrifteleg svar er 5 arbeidsdagar.

Dersom du får avslag på krav om innsyn, kan du påklage vedtaket til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Send klage til Ørsta kommune, Servicekontoret, som sender klagen vidare til Statsforvaltaren.


Elevmapper og personalmapper

Ligg pr. i dag ikkje på postlista. Du kan tinge desse postlistene. Henvend deg til servicekontoret.

Kontakt

Ørsta kommune
70049700
@ Ørsta kommune