Individuell plan

Ein individuell plan er ein rett, eit verktøy og ein arbeidsmetode, og det inneber samarbeid og samhandling mellom dei ulike tilbydarane av helsetenester, omsorgstenester og sosialtenester.
 

Formålet med individuell plan er tredelt: 

 
- Den skal medverke til at tenestemottakaren får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Det skal sikrast at det til ein kvar tid er ein tenesteytar som har hovudansvaret for oppfølging av tenestemottakaren. 
 
- Tenestemottakaren sine mål, ressursar og behov for tenester skal avklarast. Vidare skal det gjerast ei vurdering av kva tiltak som kan bidra til å dekke bistandsbehova til tenestemottakar og koordinering av desse. 
 
- Planen skal styrkja samhandlinga mellom tenesteytar og tenestemottakar og eventuelt pårørande, og etatar innan eit forvaltningsnivå eller på tvers av forvaltningsnivåa.