Aktivitetssenteret Bakk-Ola-marka

Kontaktinformasjon: Dagleg leiar, Sissel Andersen telefon 90 26 72 27
Adresse: Anders Hovden gt. 27, 6150 Ørsta
Opningstid: Vekedagar kl. 10.30–14.00. 

Aktivitetssenteret på Bakk-Ola-marka er ein møteplass for pensjonistar og andre som har ynskje om ein treffplass på dagtid. Senteret driv ymse aktivitetar og kafeen er open for alle kvar vekedag frå kl 10.30–14.00, elles sjå annonse i Møre-Nytt kvar laurdag.
 

Kafeen er treffplassen

- Gjerne over ei kaffikopp, og dei fleste aktivitetane går føre seg der. Salen kan delast ved behov, og vi har alltid plass både for aktivitetar og for dei som "berre" vil på kafe. I kafeen serverer vi sjølvlaga middag tysdag og fredag, og torsdagar får vi ball frå Ørstaheimen. Måndag og onsdag er det oftast litt enklare varmmat, som suppe, pizza el.l.

Elles har vi gode, heimelaga kaker, svele, pizza, rundstykke og anna til ein overkomeleg pris.

 

Faste aktivitetar

  • Bingo – tysdag kl. 11.00–13.00
  • Trim – onsdag og fredag kl. 11.00–11.30
  • Demenskor – torsdag  kl. 10.00–11.30
  • Andakt – torsdag ein gong i månaden kl. 11.00
  • Quiz – torsdag kl. 12.30
  • Sal av batteri – fredag kl. 12.00–13.30

Underhalding arrangerer vi om lag ein gong i månaden. Dette kan vere lokale krefter, eller musikarar/underhaldarar  frå andre stadar. Honorar vert dekt gjennom Den Kulturelle Spaserstokken.
 

Andre tilbod

  • Frisør
  • Fotpleie: Bestilling på telefon 90 58 99 56

Det vert arrangert ymse andre tilbod. Av kurstilboda kan vi nemne 65+kurs for vaksne sjåførar.

Lokale til leige

Lokala kan leigast av private, lag og organisasjonar og vi kan servere mat. Vi tek og imot bestillingar på kaker, rundstykke og anna.

Kontakt

Sissel Andersen
@ Sissel Andersen
Guro Bakke Liaskar tenesteleiar bu og habilitering
90103223
@ Guro Bakke Liaskar