Møteplassen aktivitetssenter

Møteplassen aktivitetssenter & kafé er ope for alle. Det er ein plass ein kan gå innom for å lese aviser, kjøpe seg ein kaffi eller litt mat, og slå av ein prat.

Møteplassen har som målsetting å gje menneske med psykiske lidingar eit tilbod til å betre sin livskvalitet gjennom deltaking i ulike aktivitetar. Aktivitetane vil vere ei hjelp til brukaren for å strukturere kvardagen, opparbeide sosial trening, skape nettverk og etablere felleskap.

Besøksadressa er Berte Kanuttevegen 4, 6150 Ørsta.


Følg Møteplassen på Facebook
 

Opningstider:

Måndag 09.30–15.00
Tysdag 09.30–15.00
Onsdag 11.30–19.00
Torsdag 09.30–10.30
Fredag 09.30–15.00

 
På torsdagane er det gåtur kl. 10.30 for dei som har lyst til å vere med. Ta kontakt per telefon om du ynskjer å vere med. So får du tilsendt på SMS om turmål kvar veke. 

Møteplassen - Aktivitetssenter er ein del av den kommunale tenesta for psykisk helse og administrativt lagt inn under tenesteområdet Heimetenester

Kontakt

Joanne Picton Aarseth avdelingsleiar psykisk helse og rus
99495111
@ Joanne Picton Aarseth
Sigrid-Anette Vatne konsulent
90062856
@ Sigrid-Anette Vatne
Aase Elise Castberg miljøarbeidar
@ Aase Elise Castberg
Møteplassen aktivitetssenter
95749992