Logoped

Den kommunale logopeden gir hjelp og støtte innafor desse områda:

  • språklydvanskar
  • uttalevanskar
  • taleflytvanskar/stamming
  • stemmevanskar/stemmeliding.

Logopeden kan yte hjelp i den barnehagen/skulen der barnet går dersom der er fleire born som treng logopedhjelp, eller til einskildborn på logopeden sitt kontor på Ørsta rådhus etter nærare avtale. Det er ein føresetnad at pedagogar i barnehagen/skulen er til stades når logopeden øver med barnet, slik at øvinga kan vidareførast i barnehagen/skulen og helst også i heimen.

Søk om logopedhjelp

Både helsestasjon, barnehage og skule vil kunne hjelpe til med å fylle ut søknaden. 

Det er ingen søknadsfrist. Handsaminga av søknader skjer etter kvart som søknadene kjem inn. Opptaket vert tilpassa kapasiteten til logopeden.

Kontakt

Eilin Kalvøy Logoped
46952776
@ Eilin Kalvøy