Kommuneoverlege

Kommuneoverlegen er kommunens medisinskfaglege rådgivar. 

Råd blir gitt til helsetenesta i kommunen, men også til andre tenesteområde med innverknad på folkehelsa (samfunnsutvikling og større byggeprosjekt, kommunalteknikk med t.d. vassforsyning, brann, renovasjon, skular, barnehagar, kultur og frivilligsentral). Kommuneoverlegen gir òg råd direkte til befolkninga og til kommunepolitikarane. 

  • Kommuneoverlegen skal gjennom rådgivinga si bidra til at innbyggjarane får nødvendige helsetenester og at tenestene er forsvarlege. 
  • Kommuneoverlegen har eit lovfesta ansvar for å overvake smittsame sjukdommar i kommunen og arbeide for å avgrense utbreiing av desse. 
  • Kommuneoverlegen er kommunen sin lovpålagt samfunnsmedisinsk ressurs som skal være med i folkehelsearbeidet kommunen og sørge for at folkehelselova vert følgd.  
  • Kommuneoverlegen kan fatte vedtak om tvungen legeundersøking når det blir mistenkt at nokon på grunn av alvorleg psykisk sjukdom unndrar seg nødvendig helsehjelp. 
  • Kommuneoverlegen tar vare på kommunen si hastekompetanse innan smittevern, miljøretta helsevern og helsemessig beredskap. 

Kommuneoverlegen i Ørsta i arbeider med saker innanfor områda: 

  • Smittevern 
  • Beredskap 
  • Folkehelse (inkludert miljøretta helsevern) 
  • Alle helsetenester 
  • Samhandling 
  • Planarbeid 
     

Kontakt kommuneoverlege
Marte Vaage Øie

Kontakt servicekontoret
E-post: postmottak@orsta.kommune.no
Sentralbord: 70 04 97 00 (09.00–15.00)

Kontakt

Marte Vaage Øie Kommuneoverlege
@ Marte Vaage Øie