Klage på vedtak

Kva vedtak kan du klage på?

Du kan klage på enkeltvedtak jf. forvaltningsloven § 28. 

Du kan til dømes klage på:

  • byggeløyve eller avslag
  • deling eller seksjonering
  • reguleringsplan
  • refusjon av utgifter til opparbeiding av veg
  • retting eller opphøyr av bruk
  • sikring og istandsetting av byggverk og installasjonar
  • sikring av byggeplass
  • stenging av løfteinnretning
  • opprydding av tomt
  • godkjenning av avkøyrsel
  • vedtak om adressering
  • andre forvaltningsvedtak
Når kan du klage?

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen må være postlagt før fristen går ut.

  • Har du ikkje mottatt vedtaket, er fristen tre uker frå du vart kjent med vedtaket eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket. 
  • For planvedtak som blir offentleg kunngjort, må du klage seinast tre veker etter kunngjeringsdagen.

Sjølv om du sender inn klagen for seint, kan vi i nokre tilfelle etter ein konkret vurdering handsame klagen. 
Sjå forvaltningslova sine reglar om å klage på vedtak etter fristen.

 

Kven kan klage?

For at vi skal handsame klagen di, må du være part i saka eller ha rettsleg klageinteresse.

  • For at du skal være part i saka, må vedtaket rette seg mot deg, eller direkte gjelde deg.
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha ein tilknytning til saka. Du kan også ha ein rettsleg klageinteresse om du har ein viss tilknytning til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeningar og interesseorganisasjonar der saka omhandlar eigedomen fysisk (sol, luft, lys og skuleveg) eller økonomisk (konkurranseforhold og verditap). Om du har rettsleg klageinteresse vurderer vi i kvart enkelt tilfelle.
Slik klagar du

Det enklaste er at du leverer inn klagen elektronisk, ved å fylle ut klageskjema.

Dersom du heller vil levere klagen som eit vanleg brev eller e-post må du gjere følgjande:

  • Det må kome fram i tittelen at det er klage på vedtak 
  • Det må kome fram kva vedtak du klagar på, for eksempel saksnummer eller namnet på saka det gjeld
  • Det må kome fram kva forhold du har til saka, for eksempel at du er søkjar, pårørande, nabo eller næringsdrivande i området
  • Grunngje kvifor du klagar, og skriv tydeleg korleis du ønsker vedtaket endra
  • Dersom du har ny informasjon som ikkje er omtala i saka, er det viktig at det kjem fram i klagen
  • Klagen må vere underskrive av deg eller din fullmektig, til dømes advokat

Dersom du ber om at gjennomføringa av tiltaket skal stoppast til klagen er avgjort, må du legge ved ein eigen forklaring for dette (utsatt iverksetting av vedtak).

Kvar sender du klagen?

Skjema: Klage på enkeltvedtak

Om du ikkje nytter deg av skjema kan klagen sendast på e-post til: postmottak@orsta.kommune.no

Alternativt kan du sende klagen som brev til:

Ørsta kommune
Dalevegen 6
6153 Ørsta

Klage på vedtak knytt til personar (som inneheld personsensitiv informasjon) skal ikkje sendast på e-post. Her kan de nytte eDialog - sikker sending av post, innlevering av papir eller skjema.

Sakshandsaming, dokumentinnsyn og rettleiing

Den innstansen som har gjort vedtaket det vert klaga på, skal også handsame klagen.

Dersom vedtaket ikkje vert endra blir klagen sendt vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd.

Med visse avgrensingar har du rett til å sjå dokumenta i saka. Reglane om dette er forklart i forvaltningslova §§ 18 og 19. Du må i tilfelle ta kontakt med oss.

Vi kan også gje deg nærare rettleiing om retten til å klage, om framgangsmåten og om reglane for sakshandsaming.

Kostnadar ved klagesaka

Det er tilgang til å kreve dekning for vesentlege kostnadar i samband med klagesaka. Føresetnaden er da vanlegvis at vedtaket blir endra til ein fordel for ein part. Reglane om erstatning for sakskostnadar er heimla i forvaltningslova § 36. Klageinstansen kan orientere deg om retten til å kreve slik dekning.

 

 

Relevante lenke

Forvaltningslova