Bruksendring

Skal du bruke bygget eller deler av det til noko anna enn det du gjer i dag? Ønskjer du å gjere loft eller kjeller om til soverom eller stove? Ønskjer du å gjere bustad om til fritidsbustad? Eller ønskjer du å gjere t.d. eit kontor om til bustad?

Bruksendring er når bruk, formål eller funksjon vert endra i forhold til den bruken som allereie er lov.  
Ved søknad om bruksendring vert gjeldande reguleringsplan lagt til grunn. Gjeldande reguleringsplan finn du på Sunnmørskart.

Det skal alltid søkjast om bruksendring og det vert alltid sett krav til bukvalitet.

 

Du kan søkje sjølv om:

  • Ta i bruk bod eller vaskerom
  • Endre til soverom, stue eller liknande innanfor eksisterande bustad eller branncelle
  • Ikkje utfører søknadspliktige tiltak i berande konstruksjonar

Søkje sjølv
 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk om:

  • Det skal etablerast leilegheit (ny bueining for utleige)
  • Endring av bruk (for eksempel frå kontor til bustad eller bustad til forretning)

Søkje med hjelp av fagfolk

Kontakt

Kristin Høydal byggesakshandsamar
48251013
@ Kristin Høydal