Kriseleiing og psykososialt kriseteam

 

Naudnummer

I akutte situasjonar bruker du naudnummera:

  • 110 (brann)
  • ​112 (politi)
  • ​113 (ambulanse) 


Viktige nummer

Varsling mellom kl. 10.00–14.00
Servicekontor: 70 04 97 00

Varsling mellom kl. 14.00–10.00, helgedagar og heilagdagar:

  1. Vakt brannbefal: 91 12 28 20
  2. Vakt teknisk: 90 04 97 60

 

Kriseleiinga

Kriseleiinga har ansvar for å leie kommunen si handtering av ei krise, dvs situasjonar som ikkje kan handterast innanfor normal drift, krev mykje informasjon eller andre spesielle tiltak som krev mykje ressursar. Kriseleiinga skal mellom anna samle informasjon om stoda, koordinere innsatsen og disponere ressursar i samarbeid med andre involverte partar. Dei har også ansvar for at nødvendig informasjon kjem ut til innbyggarane og media, og for rapportering og samhandling med overordna statlege styresmakter.

Kommunen si kriseleiing er sett saman av dei som har det overordna administrative og politiske ansvaret ved normal drift, samt representantar frå redningsetatane. Ordføraren har det overordna ansvaret i ei krise, og rådmann er nestleiar i kriseleiinga.  

Når større uønska hendingar oppstår, skal ein alltid varsle naudetatane og setje i gong førstehjelpstiltak. Deretter må kriseleiinga få varsel så snart som råd.

  • Ordførar (leiar)
  • Kommunedirektør (nestleiar)
  • Kommunalsjef teknisk, eigedom og landbruk
  • Kommunalsjef helse, omsorg og velferd
  • Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering
  • Informasjonsansvarleg
  • Fagleiar IKT
  • Kommuneoverlege
    Beredskapskontakt:
  • Brannsjef
  • Politi
     

Psykososialt kriseteam

Ørsta sitt psykososiale kriseteam tilbyr hjelp til enkeltpersonar eller grupper som har vore utsatt for eller vitne til særleg alvorlege og akutte hendingar.

Om kriseteamet

Kriseteamet er eit tverrfagleg team med kommunalt tilsette fagpersonar frå ulike instansar i kommunen, i tillegg til prest. Alle har kunnskap og erfaring med å hjelpe kriseutsette.

Vårt tilbod

Tilbudet kan iverksettast når eige nettverk eller det ordinære hjelpeapparatet ikkje er tilstrekkeleg eller treng bistand. Når dei som er ramma er tekne i vare av eige nettverk eller hjelpeapparatet i kommunen, trekk kriseteamet seg tilbake.

Aktuelle hendingar kan være:

  • Sjølvmord, sjølvmordsforsøk, vold eller drap
  • Akutte, uventa dødsfall
  • Ulykker og nestenulykker
  • Vitne til eller hjelpar ved ein alvorlig hending
  • Store kriser og katastrofer

For å komme i kontakt med psykososialt kriseteam ringer du legevakta på telefon 116 117.

  • Legevakta tek kontakt med vaktansvarleg i teamet. Det er vaktansvarleg i psykososialt kriseteam som vurderer om teamet skal rykke ut.
  • Tjenesten en gratis.
Reaksjonsmønster i kriser

Krisereaksjonar er normale reaksjonar på unormale hendingar. Ingen reagera heilt likt i ein akutt situasjon. Reaksjonane variera frå person til person, og det gjeld sjølv om ein har opplevd den same krisesituasjonen.

Ved ekstreme belastningar som gjev akutt psykiske symptom er reaksjonsmønsteret vårt avhenging av fleire forhold, om ein er barn eller vaksen, om vi er i kjende eller ukjende omgivingar, om vi er alene eller saman med andre. Reaksjonane oppstår for å beskytte oss mot den nye og brutale røynda.

Det er viktig å gje god og forståeleg informasjon om vanlege psykiske reaksjonar, sånn at personen forstår kva som skjer og kvifor. Det er også viktig å sørge for god ivaretakande omsorg frå personen sitt sosiale nettverk og ved behov frå hjelpeapparat.

Det å kjenne til vanlege reaksjonar ved krisehending, kan styrke den ramma personen sin eiga evne til sjølv å handtere krisen.

Vanlege akutte reaksjonar etter ei traumatisk hending er:

Endret medvit- kognitive reaksjonar

  • Følelsen av at tida står stille
  • Uverkelegheitsfølelse «Dette skjer ikkje meg»
  • Oppleve å vere «på sida av seg sjølv»
  • «Det skjer som i ein film»
  • Vaktsomheit og varheit
  • Detaljhukommelse eller redusert hukommelse

Kroppslege symptomer

  • Kvalme og oppkast
  • Munntørrheit
  • Svetting og skjelving
  • Hjertebank og pustebesvær
  • Svimmelheit

Emosjonelle reaksjonar- følelsesutbrot

  • Angst
  • Sinne
  • Gråt
  • Latter
  • Uro
  • Kaosfølelse
  • Atferdsreaksjonar- endra oppførsel
  • Rastløsheit
  • Overaktivitet
  • Irritabilitet
  • Skvettenheit
  • Initiativløsheit
  • Apati
  • Søvnvanskar
Råd i ei krise
  • Snakk med andre! Del dine tanker, følelser og opplevingar med andre
  • For dei fleste er det ein fordel å kome seg tidleg mogleg tilbake i arbeid, skule eller andre faste daglege gjeremål
  • Fysisk aktivitet er viktig for å avreagere. Driv med den aktiviteten du av erfaring veit at du trivast med
  • Ver forsiktig med bruk av alkohol eller andre rusmidler, bruk kun medisiner etter råd fra lege.
  • Søk hjelp om dine reaksjoner og plager ikkje forsvinn etter nokre veker