Gjennom Facebook kan vi informere om daglegdagse hendingar på biblioteket, tipse om enkelte bøker, filmar som vi har kjøpt inn osv. I tillegg har lånarane mulighet til å kome med tilbakemeldingar. Vi tar gjerne imot forslag til bokkjøp,DVD`ar, lydbøker. Er det nokon som vil tipse andre om bøker dei har lese, filmar dei har sett, er dei velkomne til å gjere det på Facebook. Synspunkt / meiningar om biblioteket er også interessant. Vi tar imot ris og ros og ønskjer alle velkomen til å vere med på Facebook-sida vår!