Organisasjon
Rådmannen er den øvste administrative leiaren for kommunen. Han har det formelle ansvaret for at verksemda vert driven i samsvar med rammene som kommunestyret vedtek. Han har møte- og talerett i dei politiske utvala, med unnatak for kontrollutvalet. Rådmannen er ansvarleg for at alle saker som vert lagt fram til politisk handsaming er forsvarleg utgreidde og at politiske vedtak vert sett i verk.
Under rådmannen er kommunen organisert i fire sektorar, med kvar sine hovudansvarsområde; Sentraladministrasjonen, Teknisk sektor, Helse- og sosialsektoren og Oppvekst- og kultursektoren. Rådmannen og sektorsjefane held til på rådhuset.
Sentraladministrasjonen utfører stabs- og fellesoppgåver for resten av organisasjonen. I tillegg til samordningsoppgåver ligg tenesteproduksjon knytt til landbruk, løyve og bevillingar, servicekontor og flyktningarbeid til sentraladministrasjonen.
Helse- og sosial er organisert i ein helse- og sosialadministrasjon som har stab/støttefunksjonar til dei sju driftseiningane; sosialavdeling, helseavdeling, bustadavdeling, heimebasert omsorg og sjukeheimar i Ørsta, på Sæbø og på Vartdal.
Oppvekst- og kultursektoren er organisert etter ein kombinasjon mellom flat struktur og avdelingsmodell. Sekretariat, opplæring, barnehage, kultur/fritid, personal og økonomi er organisert etter ein flat modell, utan eigne avdelingar, medan barnevernstenesta ligg til ei eiga avdeling.
Teknisk sektor er sett saman av avdelingar for brann- og redningsvern, eigedom, anlegg/drift/ vedlikehald, byggesak/oppmåling og Plan/næring/miljø.
Servicekontoret er det første du møter når du kjem inn på rådhuset. Her vil du få utført ei rekkje oppgåver, eller få hjelp vidare. Kommunen har avtale med likningskontoret/folkeregisteret om nokre førstelinetenester i servicekontoret. Post som er adressert til Ørsta kommune vil verte journalført og handsama etter gjeldende rutinar.
Servicekontoret ved sentraladministrasjonen er sentralt postmottak for heile rådhuset.
I menyen til venstre kan du lese meir om dei ulike avdelingane og arbeidsområda deira. Du finn også organisasjonskartet for administrasjonen i venstremenyen.
I 2006 var det 935 fast tilsette og 637 årsverk i Ørsta kommune.
Kommunenr : 1520
Vår bank: Sparebank 1 Volda Ørsta, kontonr. 3992.07.30144
Organisasjonsnummer: 939 461 450