Ørsta Næringskontor
Opningstider: Måndag - Fredag 08-16
Stiftinga Ørsta Næringskontor er ei frittståande eining som er etablert og finansiert i eit samarbeid mellom kommunen og lokalt næringsliv. Ørsta Næringskontor har som føremål å være eit servicekontor for næringsliv og næringsutvikling i Ørsta. Næringskontoret fungerer som ein kontaktbank for det lokale næringslivet og arbeider for auka utveksling av røynsler og kjøp/sal av tenester mellom lokale bedrifter. Næringskontoret held kontakt med kommunen, fylkeskommunen, statelege etatar, Innovasjon Norge, finansinstitusjonar, forskingsinstitutt, skular og informasjonsbasar. Næringskontoret skal stimulere til fagleg utvikling i det lokale næringslivet, tene dei etablerte bedriftene, og hjelpe nye bedrifter i gang og fremje samarbeid og styrkt organisering. Ørsta Næringskontor er leia av eit styre med fire representantar frå næringslivet og tre frå politisk og administrativ leiing i kommunen representert ved ordførar, rådmann og eit medlem frå formannskapet. Ørsta Næringskontor driftar Ørsta kommune sitt lokale Hoppid.no kontor som gir rådgjeving og tilbyd kompetansehevande kurs for nyetablerarar. Du finn meir informasjon om Næringskontoret gjennom lenkja til høgre. KONTAKTINFORMASJON :
Kontaktperson: Odd-Magne Vinjevoll - Dagleg leiar Mobiltelefon: 906 15 145 e-post adresse: omv@orsta-nk.no
Kontoradresse: Ivar Aasen gata 18 6150 Ørsta Telefon 70 06 80 85 Telefaks 70 06 80 86
Postadresse: Sti. Ørsta Næringskontor Postboks 162 6151 Ørsta
e-post: post@orsta-nk.no
|
|
|
|