Veg, vatn og avløp
Anleggs- drifts og vedlikehaldsavdelinga har ansvar for til saman 150 kilometer med kommunal veg og 15 kilometer med fortau og gangvegar. Vi produserer og distribuerer vatn, og transporterer og reinsar avløp frå dei fleste husstandane og verksemdene i Ørsta. Leidningsnettet har ei lengde på til saman 280 kilometer.
Vegar og anlegg
Spørsmål og meldingar om vedlikehald og brøyting av vegar kan rettast til oppsynsmann Oddbjørn Rebbestad.
Vatn og avløp
Spørsmål og meldingar om Vatn- og avløpsektoren kan rettast til oppsynsmann Arnstein Ose.
Teknisk vakt:
Utanom kontortid kan du ringe vakttelefonen: 900 49 760