Koordinering av tenester
Etter forskrifta §8, skal det vere ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i kommunen.
Det er oppretta ei koordinerande eining i Ørsta kommune med verknad frå 15.02.2008. Leiar for koordinerande eining er tilsett i 100 % stilling, og har det daglege ansvaret.
Alle som treng koordinerte tenester får tilbod om ein brukarkoordinator. Det er utarbeidd meldeskjema som skal nyttast både for brukarar som alt har kontaktperson / koordinator og for nye brukarar.
Koordinerande eining (KOE) skal koordinere tenestetilbodet innafor habilitering / rehabilitering, og skal fungere på tvers av sektorar, avdelingar og tenester. Dette vil seie at KOE skal samhandle med ulike aktuelle tenestestader om koordineringsoppgåver og at dei aktuelle tenestestadene skal ta del i dette arbeidet og ansvaret.
KOE har ikkje mynde til å tildele tenester, dette ligg framleis til dei ulike tenesteområda som er pålagt dette.
Koordinerande eining har mynde til å peike ut brukarkoordinator i samråd med brukar og i samhandling med aktuell tenestestad som brukarkoordinator arbeider ved. Koordinerande eining skal ta stilling til, og har mynde til å gjere vedtak om individuell plan.