Gå til hovedinnhold
Ørsta kommune 
Skip Navigation Links.
Framsida > Skip Navigation LinksOm Ørsta Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Om Ørsta

Ørsta kommune er største landbrukskommunen i Møre og Romsdal, og jordbruk er ei viktig næring. Likevel er Ørsta framfor alt ei industrikommune med eit breitt og variert industrimiljø, hovudsakleg med møbel-, metallforedlings- og næringsmiddelindustri med til dømes meieri og fiskeindustri.

Innbyggjartalet er knapt 10 400, og av desse bur om lag 6 500 i kommunesenteret. Ørsta er ein aktiv kulturkommune med meir enn 350 lag og foreiningar.
Ørsta har gode kommunikasjonar. Ørsta/Volda Lufthamn Hovden har daglege flysamband med Bergen og Oslo. På Rystelandet er det djupvasskai. Ørsta er trafikk-knutepunkt for kyststamveg E39 og RV655.

Ørsta sentrum.
Ørsta sentrum, ein typisk norsk bygdeby, også kalla den kvite byen, er industristad og ligg omkransa av dei vakre Sunnmørsalpane inst i Ørstafjorden på Sunnmøre. Sentrum har alt du treng. Vikegata, Ørsta si nye handlegate med sitjegrupper og sosiale møteplassar. To nye kjøpesenter Ørsta Torg og Amfisenteret, har meir enn 60 butikkar, kafear og serveringsstader. Om sommaren opnar kafear og restaurantar for uteservering, og byr på eit urbant miljø og eit yrande folkeliv. Her ligg kunst- og kulturkafèen Fru Svendsen, Fugl Føniks Kaffibar, Hotell Ivar Aasen og det nye Ørsta kunstgalleri. Der er det – i tillegg til aktuelle utstillingar - permanent utstilling av bilete av den verdskjende kunstnaren Olav Strømme, som kom frå Ørsta.

Ørsta har kunstgrasbane, fotball- og friidrettsstadion og symjehall. Bygda har lysstøyperi, kunstglas- og keramikkverkstad, bilete laga av ull, og i eit gammalt stabbur på Brudavollen, 5 km frå sentrum, ei lita sølvsmie som lagar gamle kongekjeder i sølv.Her er kulturhus med moderne kino og godt kulturtilbod. Ungdomane har sin eigen tilhaldsstad med mange aktivitetar i Kaihuset, og utestaden Rust Club & scene er ein av dei beste musikkscenene i landet, og svært populær.

Den nye parken, Ørsta Hamnepark, vert ferdig hausten 2010. Det vert bygt strandpromenade mot sjøsida, og med samanhengande gangveg til Ørsta småbåthamn og langs Vikeelva. Småbåthamna er ei perle av dei sjeldne. Ho vart i 2002 kåra til ei av dei beste småbåthamnene i landet.

Eit særpreg for Ørsta sentrum er at du kan «spasere» rett ut i naturen. Til flotte utsiktspunkt som Saudehornet, Vallahornet, Brekkeheida eller Osokla, til skogsturar langs elvebreidder, til laksefiske, til bær- og soppturar, til fjelldalar som Skorgedalen, Nupadalen eller Longedalen.



Teksta i artiklane "om kommunen " er henta frå turistguiden Sunnmørsalpane , med løyve frå Ørsta Reiselivslag.
Du finn lekje direkte til guiden på høgre side.



Sunnmørsalpane guide 2007/2008





Sunnmørsalpane Hjørundfjorden - Ørsta

Tema - info 
Elisabeth Sæbønes 25.09.2014 Tips ein ven Attendemelding Skriv ut
 
Tema - rediger